Oppsett og drift av nettsider

Multipleks design tilbyr oppsett av nettsider og vedlikehald av desse. I motsetning til ei trykksak er ei nettside levande og i konstant endring. Ho bør haldast oppdatert med nytt innhald og krev eit jamnleg vedlikehald av den usynlege tekniske motoren.

Formgjeving og installasjon

Eg skissar, formgjev og lagar til fine, moderne nettsider som er skreddarsydde for prosjektet ditt. Det meste er mogleg å få til – om du lurer på kva eg kan gjera kan vi slå av ein prat for å finna ut om kva du ynskjer og kva eg kan gjera.

Dagleg drift

Du har andre ting å gjera enn å knota med databasar, vidaresending av domene, oppretting av nye epost-adresser og liknande. For dei nettsidene eg lagar til tek eg også hand om alt dette. Eg kjøper alle tredjepartsløysingar som krevst i prosjektet og tek hand om dei. Du slepp å halda orden på brukarnamn og passord og ulike fakturaer, og kan halda kontakten med éin person.

Driftsplanar

Vel ein plan som passar

Multipleks design tilbyr oppsett av fullverdige nettsider og vedlikehald av desse. Vel den planen som passar prosjektet ditt.

kr. 1500,–
per månad
+ kr. 20 000 oppstartskost

Driftsplan, liten

Formgjeving
Installasjon
Domene
Netthotell
E-post
Løpande oppdateringar
Kom i gang
kr. 1900,–
per månad
+ kr. 50 000 oppstartskost

Driftsplan, medium

Alt i liten driftsplan. pluss:
Artikkelfunksjon
og/eller andre databasar
Kom i gang
kr. 2900,–
per månad
+ kr. 100 000 oppstartskost

Driftsplan, stor

Alt i medium driftsplan, pluss:
Nettbutikk
Kom i gang
Månadskost blir trekt frå ditt bankkort. Oppstartskost blir fakturert og sendt som EHF eller på e-post. Avtalen løper til den vert sagt opp og då ut neste månad. Alle prisar er utan MVA.
Slå av ein prat for å finna ut kva du treng.